Fjellklatring og Tinderangling

Vi har føring på dei fleste toppar og veggar i området, ta kontakt så kan vi saman planlegge turane. 
Her er nokre eksempel:


Mohns topp/ Sofaruta


Molladalen er eit utruleg skue, og Sofaruta ligg lengst Aust(til høgre sett frå dalen). Dette er flott klatring i Molladalsgranitt. Standplassar på store, men luftige hyller. Klatringa er fast og fin. Graderingsmessig er det omlag ein 4+.
 

Bladet


Bladet er ein særeigen pinakkel(tårn) i Molladalen. Den ligg rett ved Mohns topp og Randers topp. Klatringa er ikkje like vanskeleg som bileta gjev inntrykk av. På sommarstid, juni - oktober, er den vanlegaste vegen å gå frå Molladalssida. Det er ulike vegar opp, klatreruter og klyving i renner. Mange vel å ligge i telt i Molladalen og gå på tur to eller fleire dagar. Dette gir større sjanse for sikt når ein er på Bladet og klatringa på Molladalsgranitten dei andre dagane er heller ikkje å forakte.

 

På Møre er det mange toppar og ryggar som er noko midt i mellom klatring og fottur. Ikkje så vanskeleg, men så utsatt at det er kjekt med eit tau. Vi brukar tauteknikkar som minner om dei dom "gamle kara" brukte. Og turane vi går er i fotspora til nokre av desse, blandt anna til William Cecil Slingsby og Cesil Watson Patchell. 
Den gang som no er det ganglaget, balansen og ferd etter evne som er viktigast, ikkje utstyret. Kurset tek utgangspunkt i mykje dei same taurutinene som ein nytta for 100 år sida (men vi har sjølvsagt moderne utstyr). Dette er teknikkar som er raske og gode i terreng mellom klatring og vandring. Klyving, klatring, rappelering og sikringsteknikk er aktuelle tema.

 

Norgesguidene sine førerar skreddarsyr alle turar og kurs til dei som er med på turen. Kanskje har du egne idear eller prosjektar du ynskjer hjelp til å få gjennomført.

Ta kontakt for ein hyggeleg fjellprat. 

 

Les meir om Norgesguidene her

Informasjon om fjellføring

    •    Norgesguidene AS
    •    E-post: post@norgesguidene.no
    •    Telefon: 920 54 057