Skicamp 2016

2. - 6. Mars

 

I fjor var dette ein kjempecamp. Vi var ikkje mange, men stemninga var super. Sjølvsagt blir dette ein tradisjon og her er vinterens invitasjon:

 

Campen er heilt etter vårt hjerte. Målet er at den skal vere ei samling for skifolk med ulike ambisjonar og forutsetningar som vil ha det kjekt ilag. Vi vil ha turar som eignar seg uansett om ein er nybyrjar eller om ein har vore mykje på tur tidlegare, og det vil vere nok førarar  slik at ein kan skreddarsy turane og opplegget etter kven som er med. Om ein kameratgjeng ynskjer å ha same førar heile tida er det mogeleg, men om ein vil byte turfølge og førar kvar dag vil vi også få til det. Tanken er at vi skal kose oss med verkeleg god mat, nydeleg vin, godt øl og trivelege folk på ein flott stad.

 

 

Programmet dag for dag

 

I 4 fulle skidagar skal me ta for oss av Sunnmørsfjella!  Sagafjord hotell, som ligg på Sæbø, vil vere basen vår.

 

Onsdag møtast vi på Sagafjord Hotell på kvelden der alle får eit varmt enkelt måltid. Det vil vere eit informasjonsmøte der vi snakkar om korleis vi organiserar dagane, presenterer førerane og kva vær/føre som vi kan vente oss dei neste 4 dagane.

 

Torsdag morgon vil vi ete frukost og smørje niste før vi nyttar oss av småbilar, bussar eller båt for å komme oss til dagens beste snø. Det blir både afterski  og eit godt måltid på hotellet.  Etter middag vil vi ha eit møte med presentasjon av morgondagen.

 

Fredag startar som torsdagen med frukost før me jaktar nye skibakkar å setje svingar i. Etter afterski på hotellet set me oss i bussen til Rekkedal Gjestgiveri der vi får eit gourmetmåltid med inkludert vinpakke (Dette har dei greie på - gled dykk!!).

 

Laurdag startar som dei andre dagane, men vi vil ikkje komme tilbake til hotellet etter tur. Då reiser vi rett til ein av verdas beste stadar for moro - Pubben på Trandal. Pubben Christian Gaard ligg fantastisk plassert veglaust midt i Hjørundfjorden. Her blir det middag og fest. Det blir båtskyss attende til hotellet ut på kvelden.

 

Søndag startar vi med frukost på Sagafjord og etter frukost vil vi bestemme kvar turane skal gå. Vi oppmodar alle om å planlegge heimreisa utpå kvelden slik at de får ein full skidag også denne dagen. 

 

Hjørundfjord og toppane rundt:

Sagafjord og Sæbø ligg midt i Sunnmørsalpane. Toppane her er ofte store og spektakulære, men samstundes er dei fleste også gode dagsturar slik at vi kvar dag ha eit stort utval av toppar å velge i. Mange som har høyrt om Sunnmøre har høyrt om toppar som Slogen, Randers topp, Kolåstind og Skårasalen. Desse er blitt godt kjendt i skimiljøet, men desse er berre 4 av hundrevis av flotte turar. Kva turar vi  skal ut på blir det førarane, du som gjest, vær og føre bestemmer i lag. Det som er sikkert er at vi er på ein stad der utvalet er stort. Turane er stort sett på mellom 500 og 1200 høgdemeter. Det gjer at vi kan gå nokon av turane ein gang, medan andre stader tek vi kanskje  på fellane fleire gangar , eller vi kan besøke fleire ulike fjellsider, tindar, skar eller anna. Det at vi har forskjellige  transportmiddel til rådigheit vil gjere at vi ofte vil gå turar der vi ender opp ein annan stad en vi gikk fra. Det finnst 6-7 skisenter innanfor ein times køyring frå hotellet, desse vil vi kanskje nytte om det er beste alternativ den dagen. 

 

Turane:

Vi vil kvar kveld presentere kva vi førarane meiner er dei beste turalternativa. Dette etter at vi har snakka med dykk, sett på vermelding og vurdert føre/ skredfaresituasjonen. Turane vil bli presentert grundig slik at det skal vere mogeleg å velge noko som passar deg. Nokre av turane blir korte, andre lange. Nokre vil høve for dei med meir erfaring og nokre for dei som vil bruke meir tid på tips og triks slik at ein samlar erfaring mot seinare turar. Målet er at det skal bli noko for alle. Det vil, dersom det er ynskje om det, bli sett opp kurs i t.d. skred, vegval, orientering eller brattskiteknikk. Det er også mulig å få eigne opplegg som går over fleire dagar der ein fordjuper seg i ski/ klatreteknikk på meir krevjande turar.

 

Utstyrstips:

Pass på å ha utstyr som passar!

Det beste er å ha telemarkutstyr, alpinutstyr med gåfunksjon eller splittboard. Snowboard og truger kan gå. Fellar og skarejern er naudsynt, elles er det vanleg turutstyr som gjeld. Ta med lette joggesko/fjellsko dersom vi vel turar der vi skal bære skia -og til afterskibruk). Dei som ikkje har isøks eller stegjern kan låne dette dersom det er naudsynt for turen. Spade søkestang og sendar/mottakar skal nyttast. Dei som ikkje har dette sjølv kan leige det for 100 kr dagen.

 

Reisetips:

Privatbil: Køyr til Sæbø

Buss: Merkeleg nok er bussforbindelsen ok. Frå Ørsta skal vi vere behjelpeleg siste 20 minutt med reising.

Fly: Ta fly til Ørsta/Volda Lufthamn. Dette er lettvint og ein landar berre 20 minutt frå Sagafjord Hotell. (Ålesund lufthamn vil begrense turmuligheitene på søndag og gi mykje meir reisetid.)

 

PRIS: 10.000 kr

 

I dette ligg det:

*4 fulle skidagar med UIAGM sertifiserte tindevegleiarar( normalt 6 deltakerar per førar, men det kan bli aktuelt på nokre turar at vi går med færre gjestar per førar)

*Overnatting på Sagafjord hotell

*Varmt kveldsmåltid onsdag og fulle middagar torsdag, fredag og laurdag

*Frukost og sjølvsmurt nistepakke alle dagar.

*Transport med eigna framkomstmiddel heile campen( bil, buss eller båt).
*Shuttle til/fra Ørsta Airport. Onsdag kveld og søndag ettermiddag

 

Dette ligg ikkje i pakken:

*Transport til/frå Sæbø

*Eventuell middag søndag

*Drikkevarer (men vinpakken på Rekkedal er innkludert)

*Eventuelle heiskort( vert i tilfelle snakk om enkeltturar)

 

Linkar:

norgesguidene.no

sagafjordhotell.no

rekkedalgjestehus.no

christian-gaard.no

 

Påmelding til:

post@norgesguidene.no

Tlf: 92054057

 

Info: ring Sverre Hjelmeland 99 035 444 eventuelt epost til sverre@norgesguidene.no

 

Om datoane ikkje passar kan vi sjå på andre liknande arrangement til andre tider - ring for ein prat.